Nybyrjarkurs 2027

I løpet av 15 timar kurshelga lærer du grunnleggande vevteknikk og får veva deg eit nydeleg ullsjal på tangentvev. Du får og læra korleis du lagar renning og set opp eit vevprosjekt på eiga hand. Dagane blir krydra med inspirasjon og litt vevteori.

Me har planlagt følgjande nybyrjarkurs på nyåret 2027:

Kurs 1: 15-17. januar

Kurs 2: 12-14. februar

Tidsplan for kurshelga:

Fredag 18-21
Laurdag 10-18
Søndag 10-14

Stad: Stord - detaljar kjem

Pris kr 3150 inkl. materiell, bindande påmelding på epost til post@vevnad.no.

Ved avbestilling
Dersom du mot formodning ikkje kan delta på kurset du er påmeldt er det viktig at du melder frå om dette så snart som mogleg. Avmeldingsgebyr er kr 1000 fram til 14 dagar før kursstart. Ved avmelding seinare enn 14 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast.