Nybyrjarkurs

I løpet av 15 timar kurshelga lærer du grunnleggande vevteknikk og får veva deg eit nydeleg ullsjal på tangentvev. Du får og læra korleis du lagar renning og set opp eit vevprosjekt på eiga hand. Dagane blir krydra med inspirasjon og litt vevteori.

Me har følgjande nybyrjarkurs hausten 2026:

Kurs 1: 6-8. november - NB: kun ein ledig plass!

Kurs 2: 20-22. november - NB: kun ein ledig plass!

Tidsplan for kurshelga:

Fredag 18-21
Laurdag 10-18
Søndag 10-14

Stad: Sagvåg skule, Fitjarvegen 120, 5410 Sagvåg

Pris kr 3150 inkl. materiell, bindande påmelding på epost til post@vevnad.no.

Ved avbestilling
Dersom du mot formodning ikkje kan delta på kurset du er påmeldt er det viktig at du melder frå om dette så snart som mogleg. Avmeldingsgebyr er kr 1000 fram til 14 dagar før kursstart. Ved avmelding seinare enn 14 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast.