Left Fortsett å handle
Din ordre

Du har ingen varer i handlekorga

Noko for deg?
49,00 kr
750,00 kr
Sjå alternativ
FAST FRAKT 59,- / FRI FRAKT PÅ ORDRAR OVER 950,- (gjeld ikkje vevar og sendingar over 120 cm)

Frakt og betaling

Bestilling

Når du har registrert ordren din i nettbutikken vil den bli handsama så snart som råd er, og seinast innan to virkedagar. Når pakken er klar for sending vil du motta melding om dette på di registrerte epostadresse.

Betaling

Alle prisar er oppgitt i NOK inkludert MVA når du vitjar den norske sida vår. Dersom du vitjar den engelske sida er prisane utan MVA. Avgifter vil bli regulert i samsvar med leveringsadressa ved utsjekk. Merk at du kan bli lasta for meirverdiavgift og tollavgifter i ditt land ved mottak av varene.

Du kan betale med VISA, Mastercard, Klarna, Vipps eller Paypal.

Ordresummen blir reservert på kortet idet kjøpet blir stadfesta, men kortet blir først belasta når me sender varene til deg. Det endelege beløpet som blir belasta kan kun bli mindre enn først antatt. Dette kan vere dersom fraktkostnaden blir lågare enn antatt, eller dersom me av uforutsette årsaker ikkje kan levere alle varene som avtalt.

Medlemmer av Norges Husflidlag får 10% rabatt på garn og vevutstyr - bruk rabattkode HUSFLID i kassen. Merk at rabatten ikkje gjeld vevar.

Frakt

Fast frakt er kr 59 - for ordrar over kr 950 er det fri frakt. Unntaket er vevar og sendingar over 120 cm, desse vil bli belasta med fraktkostnad. Me nyttar Posten og Bring.

Du kan også velje å hente vara på vår utsalsstad.

Levering

Varene blir normalt sendt frå oss i løpet av 1-2 virkedagar, og blir innlevert transportør seinast første virkedag etter belastningsdag.