Saga vevgarn - tjukt

120,00 kr
Avgifter inkludert.
SKU: 525415

Saga vevgarn er spunne av norsk spelsau-ull F1 og ein mindre del norsk haustull C1. Denne blandinga kombinerer styrken og glansen til spelsau-ulla sine lange dekkhår med spensten og smidigheten til den norske haustulla. Resultatet er eit flott garn som er lett å veve med og ein slepp å slå så hardt for at garnet skal dekke renningstrådane.

Saga vevgarn er eit 2-tråda, fast og glansfullt garn velegna til veggtepper, tradisjonelle åkle, gulvteppe m.m. Garnet kan også brukast til strikking eller hekling av interiør. Det blir slitesterke og flotte puter eller pledd.

Ca. 175 m pr. 100 g, Nm 3,5/2 – 100 % norsk ull
Vevskei: 20-10 eller 25-10, 1 tråd i hovel, 1 tråd i tind
Renning: Lingarn 10/3 eller bomullsgarn 12/9

Levert i hesper à 100 g. Saga vevgarn blir kun levert som ubleika kvit (5415) og gråmelert (5431).