Stordvotten - Strikkekonkurranse
Konkurransen er no avslutta, vinnarvotten er laga av Solfrid Ottesen. Mønsteret er til gjennomarbeiding, og vil bli gjort tilgjengeleg for sal i fysisk butikk og nettbutikk så snart det er klart.
I samband med at Stord Husflidlag i år fyller 50 år, lyser me ut ein strikkekonkurranse for å få designa ein jubileumsvott. Mønsteret og eventuelt ferdige strikka vottar vil seinare koma i sal der inntektene vil gå til laget. Konkurransen går i samarbeid med Vevnad.
Kriterium
- Materialval: Norsk ull
- Tema: Inspirasjon frå Stordøya.
- Teknikk og fargeval: Valfritt, men det vil bli lagt vekt på at mønsteret er strikkevenleg
- Mønster: Det må følgja med mønsteroppskrift til ein voksenvott (mann eller dame).
Premie
Vinnaren blir premiert med 3000 kr frå Stord Husflidslag. Vevnad vil i tillegg trekka eit gåvekort på 1000 kr blant deltakarane.
Frist for innlevering
Frist for innlevering av bidrag er 10.oktober 2022. Konkurransebidraga kan leverast frå 1. oktober til Stord Folkebibliotek eller til Vevnad på Heiane. Bidraget må vere innpakka og innehalde designaren sitt namn, telefonnummer og e-postadresse. Merk pakken med "Stordvotten". Konkurransebidrag kan også sendast til Vevnad AS, Ringvegen 12, 5412 STORD. Bidraga må vera oss i hende seinast 10. oktober, så ta omsyn til posten si sendetid. Eventuelle spørsmål kan rettast til: Astrid, 982 55 252, eller Johanne, 990 41 096.
Namn på votten
Førebels namn på votten er “Stordvotten”, men designaren kan gjerne foreslår namn på votten som er tilpassa designet.
Rettar
- Stord Husflidslag får rett til mønsteret.
- Stord Husflidslag får rett til å tilpassa designet til barne- og manns-/damevott, samt andre produkt.
- Stord husflidslag får inntektene frå sal av mønster og ferdige strikka vottar.
- Namnet på designaren vert synleggjort i mønsteroppskrifta.