Spinnekurs
Lær deg kunsten å spinne ein tråd!
Trådar er noko vi har rundt oss heile tida og kvar dag, men kanskje ikkje veit så veldig mykje om – anna enn at det er garn og tråd. Å spinna var noko av sjølve livsgrunnlaget i førindustriell tid. No er det «immateriell kulturkunnskap», men det er og eit handverk som gir deg nye perspektiv på korleis du ser garnkvalitetane i hyllande til garnbutikken og korleis du tolkar kleda du ber på deg kvar dag.
Søndag 12. og mandag 13. mars kan du bli med å læra deg kunsten å spinna ein tråd – og kanskje ei heil garnhespe – i Vevnad sine lokale på Heiane.
Vigdis Valde vil halde kurs i å spinne på handtein, eit gammalt og enkelt spinneredskap som gjer spinninga tilgjengeleg for dei fleste. Ho har spunne ull både på rokk og handtein sidan starten på 2000-talet og har lang erfaring med dei gamle norske sauerasane vill- og spelsau. Vigdis har jobba som lærar i 20 år, mellom anna i kunst- og handverk, og arbeider no med kulturprosjekt og kulturformidling der ull og tekstil speler hovudrolla for det meste. Du kan sjå meir av arbeida til Vigdis Valde på Instagram: @vigdis.valde
(Om du såg på NRK sin Strikkenatt for fleire år sidan var ho med der som spinnar i rekordforsøket «Frå sau til genser».)
Tidsplan for kurset:
Søndag 11.00 - 18.00
Mandag 17.00 - 21.00
Kurset koster kr 2000, materialkostnader kjem i tillegg.
Minimum 5 og maksimum 8 deltagere
Påmelding til post@vevnad.no