Left Fortsett å handle
Din ordre

Du har ingen varer i handlekorga

Noko for deg?
49,00 kr
750,00 kr
Sjå alternativ
FAST FRAKT 59,- / FRI FRAKT PÅ ORDRAR OVER 950,- (gjeld ikkje vevar og sendingar over 120 cm)

Personvern

Personvernerklæring

Vevnad AS er opptatt av at du som kunde skal ha ei best mogleg oppleving av å bruke vår nettbutikk, og at du skal oppleve nettsidene og handleprosessen som positiv frå du først vitjar sidene våre til du mottar ordren din. Som ein del av ditt besøk hos oss, vil me forsikre deg om at me vernar og respekterer personvernet ditt og handterer alle dine personlege opplysninger med omtanke. 

Me nyttar følgjande prinsipp ved handsaming av dine personopplysningar:

  1. Me samlar inn og lagrar opplysningar med følgjande hovudføremål: 
  2. Pakking og levering av ordren din
  3. Forbetring av di brukaroppleving 
  4. Marknadsføring
  5. Lovmessige krav
  6. Me samlar kun inn opplysningar me treng for dei nemnde føremåla
  7. Me slettar dine personlege opplysningar når me ikkje lenger treng dei
  8. Me sel ikkje opplysningane dine
  9. Me oppbevarer opplysningane dine trygt

Nedanfor kan du lese meir om korleis og kvifor me samlar og lagrar dine personlege data – og kva me gjer med dei.

Du kan også lese om korleis du kan utøve dine rettar som datasubjekt hos oss, f.eks. be om tilgong til dine opplysningar. 

Innsamling & bruk av dine personopplysningar

Fullføring av din ordre

For å handsame din ordre treng me nokon opplysningar frå deg. Me treng namn, adresse, e-post, telefonnummer, betalingsdetaljar og sjølvsagt kva produkt du har bestilt.

Når du fullfører ein ordre, blir betalinga handsama av våre betalingsløysningspartnarar (Klarna). Når ordren din er pakka og klar for sending, deler me ditt namn, adresse, e-post og telefon med våre transportpartnarar (Bring og PostNord) for å fullføre leveransen. 

Våre betalings- og transportpartnarar er forplikta til å oppbevare opplysningane dine trygt.

Forbetring av di brukaroppleving

Me arbeider kontinuerleg for å gje deg den aller beste brukar- og handelsopplevinga på våre nettsider. Dette gjer me på ulikt vis, men ein viktig del av det er å kunne spore dine søk på nettstaden vår. Dette gjer me ved hjelp av informasjonskapslar. Les meir om dette under Cookies lenger ned.

 Marknadsføring

Vi bruker også dine opplysningar for å kunne sende marknadsføring til deg og for å kunne skreddarsy kva marknadsføring du ser.

Du kan alltid motsetje deg handsaminga av dine personopplysningar for direkte marknadsføringsføremål ved å gå til ”Mi Side” og redigere dine preferansar og ved å melde deg av nyhetsbrev i linken som følger eposten. 

Mi Side

Om du vel å opprette ein personleg kundekonto må du gje oss namn og epostadresse. Du kan også velgje å gje oss telefonnummer og adresse. Her ser du også dine samtykke og du kan velgje å trekke tilbake samtykke for marknadsføring. I kontoen din kan du sjå dine personopplysningar, di handlekorg og din ordrehistorikk. 

Lovmessige krav

I tillegg til ovannemnde handsaming av dine personopplysningar, nyttar og lagrar me dine personlege data for å overhalde regelverkskrav, f.eks. bokføringsreglar.

Rettsleg grunnlag for innsamling og bruk av dine personopplysningar

Me samlar inn og nyttar dine personopplysningar på følgjande juridiske grunnlag:

    - Utføring av ein ordre
    - Vår legitime interesse

    - Kundeservice
    - Forbetring av di brukaroppleving
    - Min konto
    - Informasjonskapsel-basert marknadsføring-
    - Våre juridiske forpliktingar
    - Lovmessige krav

    Sosiale medier

    Om du følgjer oss eller samhandlar med oss på nokon av våre sider på ein tredjeparts plattform for sosiale medier, for eksempel Instagram, Facebook eller Snap Chat, vil informasjonen du oppgjer være underlagt tredjepartens retningslinjer for personvern, samt disse retningslinjene for personvern.

    Tidsrom for lagring av personopplysingar

    Me lagrar berre dine personopplysingar så lenge det er naudsynt, for å oppfylle føremålet dei vart samla inn for eller overhalde regelverkskrava, f.eks. bokføringsreglar.

    Når du er logga inn på din personlege kundekonto, kan du alltid redigere informasjonen din. 

    Du kan også sende inn en forespurnad der du ber oss om å slette spesifikk informasjon eller all personleg informasjon me har om deg. Vi vil overhalde forespurnaden med mindre me er plikta til å lagre informasjonen av lovmessige årsaker eller for å etablere, utøve eller forsvare ein rettsleg påstand. 

    Dine rettar

    Som forbrukar i EU er dine personopplysingar omfatta av EU si forordning for personvern (GDPR). Dette betyr at dine rettar som den registrerte er dei same i alle EU-land.  

    Nedanfor kan du lese meir om de ulike rettane dine:

    Retten til innsyn

    Ein av de viktigaste rettane du har, er retten til å be om tilgong til de opplysingane vi har registrert på deg. I dette tilfellet vil me gje deg ein kopi av dine personopplysingar.

    Retten til å bli gløymt

    Ein anna viktig rett du har i relasjonen til oss er retten til å bli gløymt, som betyr at du kan sende ein førespurnad og be om at me sletter dei opplysingane me har registrert på deg. Me slettar ikkje nødvendigvis alle opplysingane ettersom me er pålagt å fortsette å lagre visse data for å kunne overhalde dei juridiske krava.

    Retten til motsegn

    Du har rett til å motsette deg handsaming av dine personopplysingar av enkelte årsaker. Du kan for eksempel motsette deg handsaminga av dine persondata for direkte marknadsføring, inkludert profilering.

    Retten til korrigering

    Om du meiner at opplysingane me har registrert på deg er unøyaktige eller ufullstendige, så gje oss melding, me vil sørgje for å oppdatere informasjonen din.

    Retten til avgrensing

    I kombinasjon med nokon av dine andre rettar kan du og be om at vi avgrensar bruk av dine personopplysningar, f.eks. i staden for full sletting eller under vår vurdering av dine motsegner.

    Retten til dataportabilitet

    Du kan sende ein førespurnad og be oss om å gje deg dei personopplysningane du har gitt oss i eit strukturert, vanleg og maskinlesbart format og å overføre opplysningane direkte til en bestemt mottakar.

    Klagar

    Om du ønskjer å sende inn ei klage på korleis me handsamar dine personopplysningar, kan du alltid kontakte kundeservice. Du kan også sende inn ei klage til din lokale datatilsynsmyndighet.

    COOKIES

    Google Analytics

    Me nyttar Google Analytics til å:

    • Identifisere unike brukarar
    • Hugse tal og tidspunkt for tidligare besøk
    • Finne ut kor brukarar kjem frå
    • Avgjere start og slutt på eit besøk

    Informasjonskapslar frå kommersielle tredjepartsaktørar

    Me nyttar informasjonskapslar frå tredjepartsaktørar (Adform, Google Adwords og Facebook) for å kunne gi våre brukarar/kundar relevant marknadsføring og ein god brukaroppleving. Me nyttar det også til å måle effekten av og vise meir relevante annonser. Informasjonskapslane registrerer ingen personeige opplysningar på nettstaden og dataene er anonymisert.

    Informasjonskapslane gjer det mogleg å:

    • Frekvensstyre annonser på bakgrunn av aktivitet
    • Sjå brukaratferd på nettstaden i forhald til den direkte annonseringa som skjer
    • Samle informasjon om produktinteresse for å presentere meir relevante annonser
    • Målrette annonser til utvalde kundegrupper

    Nøyaktig kva cookies som blir nytta og levetida på desse vil variere ut frå din nettlesarhistorikk, og vil derfor ikkje bli skildra i detalj. Felles for dei cookies som blir nytta på nettstaden som ikkje allereie er skildra i tabellen under, blir nytta med det føremål om å servere deg meir relevante annonser.

    Om du surfar nettet som innlogga brukar på Google, så vil Google prøve å danne seg eit bilete av kven du er og kva du interesserer deg for. Ønsker du å sjå denne profilen, endre den, eller slette data i profilen kan du vitje annonseinnstillingane til Google.