Left Fortsett å handle
Din ordre

Du har ingen varer i handlekorga

Noko for deg?
49,00 kr
750,00 kr
Sjå alternativ
FAST FRAKT 59,- / FRI FRAKT PÅ ORDRAR OVER 950,- (gjeld ikkje vevar og sendingar over 120 cm)

Inspirasjonskurs

Mulighetar i veven

I løpet av 15 timar kurshelga får du veve prøvar av fleire ulike vevteknikkar og kvalitetar som kursvevane blir sett opp med. Me brukar både golvvevar og tangentvevar på kurset. Me snakkar om garnkvalitetar, bindingslære og mulighetar og begrensningar i veven.

Du får også muligheten til å planlegge eit eige prosjekt, lage renning og får hjelp til å sette det på bordveven din om du ønskjer det. Dersom du ikkje har eigen vev med kan du planlegge og renne til golvvevsprosjekt i heimen.

Me har planlagt to inspirasjonskurs på nyåret:

INSPIRASJONSKURS VINTER/VÅR 2024

12-14. januar
12-14. april - 2 ledige plassar

Tidsplan for kurshelga:

Laurdag 10-18
Søndag 10-17

Stad: Ringvegen 12, 2. etasje (XL Bygg Valvatne på Heiane)
Pris kr 2950 (materiell til vevprøvar inkludert), bindande påmelding på epost til post@vevnad.no.

 

Ved avbestilling
Dersom du mot formodning ikkje kan delta på kurset du er påmeldt er du viktig at du melder frå om dette så snart som mogleg. Avmeldingsgebyr er kr 1000 fram til 10 dagar før kursstart. Ved avmelding seinare enn 10 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast.